Stortinget har i Statsbudsjettet sett av 149,7 millionar kroner til breibandsutbygging i 2018. Målet med ordninga er å gi støtte til utbygging av breiband i område som manglar grunnleggjande breibandstilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut. Midlane i år blei fordelte til fylka etter ein fordelingsnøkkel basert på den faktiske breibandsdekninga i fylket. Møre og Romsdal er tildelt ei ramme på 17,2 millionar kroner for 2018.
Eitt av krava for å kunne søkje om og få støtte er at kommunen offentleggjer kvar det er planlagt å byggje ut, gjennom ei open offentleg høyring med høyringsfrist på minst éin månad.
Alle innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter blir med dette inviterte til å kome med innspel til utbyggingsplanane som vi søkjer støtte til i Norddal kommune i årets søknadsrunde. Det blir aktuelt å at opp område som ikkje er med i søknaden i år, i seinare rundar.
Det er breibandsplanen som blei vedteken av kommunestyret i 2015, som ligg til grunn for korleis kommunen prioriterer utbyggingsplanane, og intensjonen med å søkje midlar frå støtteordninga er å byggje ut og styrkje breibandet i områda som etter dekningskart og undersøkingar kommunen sjølv har gjennomført, har lite tilfredsstillande breibandsdekning i dag. Målet er at alle innbyggjarar og verksemder i kommunen skal få eit godt og framtidsretta breibandstilbod.
Nokre område er bygde ut – både med offentleg støtte og i privat regi etter at planen blei vedteken – og det blir for tida arbeidd med å kome å gang med privat utbygging og utbygging for midlar som er løyvde gjennom næringsfondet i kommunen i desse områda:
• Gjerde–Heggen–Berlia–Rem–Alstad–Grønning–Grønningsæter–Høyhjellane–Langdalen
• Sætra–Hauge–Selboskar–Ruset–Ytterli–Vika
• Norddal/Dalsbygda
Dei områda kommunen ønskjer å søkje støtte til frå den statlege ordninga i denne runden, er:
• Muribøen–Berdal–Jamtegarden–Øygarden–Uri–Døvingen–Valldalen–Bjørstad
• Eidsvatnet–Kleiva–Løvoll–Årset–Indreeide
Vilkåra for å søkje om breibandsstøtte er:
• Den planlagde utbygginga skal offentleggjerast gjennom ei open offentleg høyring med høyringsfrist på minst éin månad.
• Minst halvparten av midlane som er sette, av skal brukast til å byggje ut breiband i grunnleggjande kvite område (område med kapasitet lågare enn 10 Mbit/s). Dersom alle dei kvite områda kan byggjast ut med mindre enn 50 prosent av ramma, kan resten brukast til å utbetre område med kapasitet under 30 Mbit/s).
• Lokale bidrag skal utgjere minst 25 prosent av total prosjektkostnad – her er eigeninnsats, kommunale midlar, midlar frå private, lokalt næringsliv og dugnad rekna inn.
• Prosjekta skal vere teknologinøytrale. Det skal ikkje setjast krav om fiberteknologi, men det skal krevjast at breibandstilbodet skal kunne oppgraderast til minimum 100 Mbit/s innan to–tre år.
• Sluttbrukar skal få tilbod om breiband til ein fastpris som er uavhengig av bruken.
• Prosjekt som får tilbod, skal gi eit reelt breibandstilbod til alle husstandar og bedrifter innanfor det geografiske området, det vil seie 100 prosent dekning i det aktuelle området.
• Utbyggjarar med offentleg støtte skal tillate andre tilbydarar å kople seg på det aktuelle nettet for å tilby breiband i tilgrensande område til rimelege vilkår.
• Kommunar som får tilskot, må lyse ut prosjektet på anbod innan eitt år.
Kontaktperson: Arne Krohn
Høyringsfrist: 21.05.2018
Send høyringssvar til: Norddal kommune
Pb.144
6211 Valldal