Høyring av Akvakultursøknad - Endring av settefiskanlegg 18355 Tafjord -

 Det er søkt om auka produksjon frå 1 mill. til 4 mill. smolt. Auka vil skje ved buk RAS og

vere innanfor eksisterande avtala om vasstilgong.

Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrifta om konsekvensutgreiing for tiltak etter

sektorlovar (FOR 2014-12-19-1758). Søknaden skal behandlast etter § 3 i forskrifta.

Fylkeskommunen si vurdering er at tiltaket vil skje innanfor ei allereie godkjent lokalitet og

ikkje får vesentlige negative verkingar for miljø eller samfunn, jf. vedlegg III i forskrifta.

Anlegget er planlagt i et areal som er sett av til utbygging i gjeldande arealplan for Tafjord.

Møre og Romsdal fylkeskommune finn det ikkje naudsynt å krevje tilleggsutgreiing og finn

saka tilstrekkeleg opplyst.

Meiner partane tiltaket kan få vesentlege verknader, og det ikkje er tilfredstillande utgreia i

søknaden, må det meldast til fylkeskommunen etter kunngjering. Høringsparten må

konkretisere kva forhold som bør belysast nærare. Det er fagmyndigheit for dei respektive

kriteria i vedlegg III som skal vurdere om dei meiner tiltaket kan få vesentlege verknader

innanfor sitt område og om ei tilleggsutgreiing er naudsynt.

Meiner sektormyndigheitene at tiltaket kan få vesentlege verknader, og det ikkje er

tilfredstillande utgreia i søknaden, må dei melda det inn til fylkeskommunen innan 6 veker

(22. august 2016). Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at Norddal kommune legg

søknaden ut til offentleg innsyn i 4 veker. I følgje forskrifta skal utlysinga skal vere annonsert

i Norsk lysningsblad og to aviser som er vanleg lest i området. Kommunen skal etter at

søknaden har vore lagt ut til offentleg innsyn i 4 veker, gi uttale om søknaden er i samsvar

med kommunale planar og interesser.

 

M-NL- 15 Fjordlaks Aqua AS- 828764292- Søknad om auka produksjon av smolt på lokalitet 18355 Tafjord- Norddal kommune (PDF, 15 MB)

 

 

Merknader sendast til Norddal kommune post@norddal.kommune.no eller postboks 144,

6211 Valldal innan 22.09.17.

Sist endra 22.08.2017