Reguleringsplan Berge - K.sak 02/18

Norddal kommune har i møte 01.02.18 med heimel i pbl. 12-14 vedteke reguleringsplan «Berge massedeponi og rigg». Planen legg opp til eit permanent massedeponi, omdisponering frå LNF-område til landbruksområde og parkeringsplass og til midlertidig bruk som riggområde i samband med utbygging av Korsmyra-Indreeide-tunellen.
Vedtaket kan, etter pbl § 12-12, § 1-9 og Forvaltningslova kap. VI påklagast. Klage må sendast skriftleg til Norddal kommune, pb. 144, 6211 Valldal, eller til post@norddal.kommune.no, innan 3 veker frå dato for denne kunngjeringa.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter § 32 og § 42 i pbl. må vere skriftleg overlevert til kommunen seinast 3 – tre år etter denne kunngjeringa.