Reguleringsplan for Muribrinken - høyring

Klikk for stort bilete Norddal kommune har vedtatt å leggje reguleringsplanforslaget ut til offenteg ettersyn, med merknad om at gangbru over elva må innarbeidast i planforslaget. I tillegg er det bedt spesifikt om innspel frå fylkeskommune og fylkesmann om råd for å unngå konflikt mellom landbruk og bustadfelt, og vist til moglege endringar i krav til branntryggleik for campingplassar. Planforslaget legg opp til bustader, fritidsbustader og område for camping på vestsida av Valldal.

I servicetorget på rådhuset finn du også planforslaget i papirformat.

Eventuelle merknader/innspel skal vere skriftlege og sendast til post@norddal.kommune.no eller til Norddal kommune, postboks 144, 6211 Valldal innan 27.05.19. Ved spørsmål send e-post eller ring 70 25 88 00 og referer til Reguleringsplan for Muribrinken.