Pleie og omsorg

Openomsorg - Klikk for stort bilete

Vi skal arbeide for at det til ei kvar tid er eit godt utbygd og individuelt tilpassa tilbod av tenester innanfor heimetenestene og institusjonsomsorga. Tenestetilbodet skal vere basert på at alle skal ha tryggleik for at dei får dei tenester dei har behov for, og nødvendig hjelp etter individuelle vedtak.

Kommunalsjef Helse og omsorg koordinerer drifta av dei ulike verksemdene. Kvar eining har sjølvstendig driftsansvar.
 

Oppgåvene for pleie og omsorgstenesta er:

-Å gje omsorg, behandling og pleie til den som ikkje maktar eigenomsorg, personleg omsorg og praktiske gjeremål i kvardagen, enten i eigen heim eller i institusjon.


-Å stimulere den enkelte til å halda seg aktive og førebyggja helsesvikt.

 

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal

Sist endra 04.05.2017
Pleie og omsorg 2