Individuell plan / koordinerane eining

Etter lov om helse – og omsorgstenester § 7-3 og forskrift om habilitering og rehabilitering § 8, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen. 

 Kva er koordinerande eining (KE)?

• KE er ein funksjon og ei adresse. Fagpersonar frå ulike sentrale einingar dannar koordinerande gruppe i kommunen. (sjå kontaktpersonar nedst på sida).
• KE skal koordinere tenestetilbodet innafor habilitering/rehabilitering, og skal fungere på tvers av einingane i kommunen.
• KE arbeider både på individnivå og systemnivå.


 

Kven kan ha behov for habilitering og rehabilitering?

• Personar som pga skade eller sjukdom som har hatt et brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
• Personar med gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid
• Personar med kroniske sjukdommar
• Personar med medfødt funksjonssvikt
• Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
• Personar som treng hjelp til å planlegge nye situasjonar i livet, t.d. ved overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og ved ny busituasjon


 

Kva kan koordinerande eining hjelpe deg med?

• Personar med behov for langvarige og koordinerande tenester skal få tilbod om ein brukarkoordinator. KE har mynde til å peike ut brukarkoordinator i samråd med brukar og i samhandling med aktuelle einingar
• KE har mynde til å gjere vedtak om individuell plan
• KE skal ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i Norddal kommune og formidle kontakt med aktuelle einingar
• KE har ikkje mynde til å tildele tenester, dette ligg framleis til dei einingane som har ansvar for dette


 

Arbeid på systemnivå

• Skape samhandling mellom tenesteytarar og ulike einingar, og arbeide for kvalitetssikring av rutinar som sikrar flyt mellom tenester
• Overordna ansvar for at ordninga med individuell plan fungerer
• Sikre opplæring av brukarkoordinator
• Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommune og dei statlege institusjonane


 

Arbeidsmetodar for koordinering av tenester

• Ansvarsgruppe
• Individuell plan
• Andre samarbeidsfora


 

Mål for koordinerande eining i Norddal kommune

• Å samordne system og tenester for brukarar, slik at den einskilde sjølv kan meistre sitt liv eller gjenopprette funksjonar i størst mogleg grad
• Brukarar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
• Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa
• Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever at det vert lagt vekk på brukarmedverknad, og at tiltak og tenester tek utgangspunkt i den einskilde sine ressursar


 

Adresse og kontaktinformasjon

Koordinerande eining
Pleie – og omsorg
Postboks 144
6211 Valldal


 

Kontaktpersonar:

Wenke Sylju, leiar KE, tlf. 70258921
Helsesøster, tlf. 70258912
Karl Andre Birkhol, skulefagleg ansvarleg, tlf. 70258838
Vilma Lygnugariene, psykiatrisk sjukepleiar, tlf. 70258894
Wietske Middelveld, NAV, tlf. 55553333

Ergoterapeut