Brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp til dei som har eit særskilt hjelpebehov grunna alder eller funksjonshemming, og som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.

Definisjon

Personleg assistanse skal organiserast som Brukerstyrt personleg assistanse. Brukerstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ organisering av ordinære tenester for søkjarar som er avhengig av praktisk og/ eller personleg hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål, i og utanfor heimen grunna sjukdom, skade, lyte eller nedsett funskjonsevne.

Prinsippa for administrering av BPA står skrive i Rundskriv I-20/2000 og Rundskriv I-15/2005. Små born vil vere heilt ute av stand til å utøve brukarstyring sjølv og må representerast av foreldre/verge. Tilsvarande og for dei over 18 år som har omfattande kognitiv funksjonsnedsetting må bli fullt representert av verge når det gjeld brukarstyring.

 

Målsetting

Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til å gjere vedkomande mest mogleg sjølvhjulpen ift. eigenomsorg og dagliglivet sine gjeremål.

 

Kriterier for tildeling

  • Er under 67 år
  • Har eit langvarig behov for ordninga.  Tenestebehov på minst 32 timar per veke ( søkjar med tenestebehov på minst 25 timar per veke har likevel rett til å få tenester organisert som BPA, med mindre kommunen kan dokumentere at slik organisering vil medføre vesentleg kostnad for kommunen)
  • Har eigeninnsikt og ressursar til eit aktivt liv både i og utanfor heimen
  • Er i stand til å ta på seg leiarrolla sjølv, eller grunna kognitiv funksjonsnedsetting kan få bistand til dette via verge eller personar som har fullmakt frå søkjar sjølv
  • Både dei som kan ivareta arbeidsleiarrolla ( brukarstyringa) og dei som treng bistand til dette, kan få innvilga BPA. Kommunen vil som hovedregel krevje at vedkomande brukerstyrer si eiga ordning
  • Dersom søkjar har vedtak etter kap. 9 i lov om kommunale helse- og omsorgstenester kan vedkomande ikkje nytte seg av BPA ordninga

 

Standard for tenesta

  • Det vert inngått ein samarbeidsavtale mellom Norddal kommune og arbeidsleiar gjeldande tildelt BPA ordning
  • Med ordninga får kommunen og søkjar/arbeidsleiar eit definert ansvar og definerte oppgåver

 

 

Kva kan du som søkjar forvente av Norddal kommune

At samarbeidsavtalen mellom Norddal kommune og arbeidsleiar vedrørande tildelt BPA ordning vert fulgt opp ( Har ikkje samarbeidsavtale per i dag, må ordnast)

 

Kva vert forventa av deg som søkjar

At samarbeidsavtalen mellom Norddal kommune og arbeidsleiar vedrørande tildelt BPA ordning vert fulgt opp (OBS, sjå over)

 

Betaling for tenesta

Eigenbetaling for tenesta BPA fylgjer reglane i « Foreskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester» Det kan ikkje krevjast vederlag for tenester som gjeld « personleg stell og eigenomsorg» Kor mange timar det kan krevjast vederlag for må difor vurderast konkret i dei enkelte arbeidsoppgåvene hjå kvar enkelt som har tildelt ordninga.

Satsen som vert fastsett av kommunestyret og vert utrekna individuelt på bakgrunn av husstanden si samla inntekt.

 

Lovgunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 punkt 6, bokstav b og § 3-8

 

Søknadsskjema

Sist endra 19.12.2017