Dagtilbod for demente

Definisjon

Tilbodet er for heimebuande personar med ein demensdiagnose eller som er under utreding for dette. Ein legg vekt på at den demente skal være i ein tidleg eller moderat fase av sjukdommen, samt at ein er fysisk mobil. Tilbodet vert individuelt tilrettelagd så langt det let seg gjere, ein legg vekt på meistring og ein meiningsfull kvardag. Dagtilbod for demente er ein del av det førebyggjaande helsearbeidet i kommunen. Det kan vere ei avlasting for pårøande og vere med på å oppretthalde funksjonar til brukaren. Tilbodet er per i dag ope ein dag per veke, målet er å ha ope to dagar per veke iløpet av 2018. Tilbodet ligg under Heimetenestene, ein har tett kontakt med heimesjukepleien.

Målsetting

  • Tenesta skal vere førebyggjande
  • Tenesta skal bidra til å bevare å fremje ibuande ressursar hjå søkjar, samt legge til rette for oppleving av meistring av dagleglivets gjeremål gjennom aktivitetar
  • Tenesta skal bidra til å skape tryggleik og forutsigbarheit for søkjar og pårørande, samt bidra til avlastning for pårørande

 

Kriterier for tildeling

  • Tenesta kan vere aktuell dersom:
  • Søkjar er under utredning for demens
  • Har nedsett hukommelse
  • Har ei demensdiagnose

 

Standard for tenesta

  • Opningstider: Torsdagar mellom 10-15
  • Skyss: Brukar/pårørande kan velje om dei vil ordne skyss sjølve til dagtilbodet, eller bli bringa og henta av personalet.
  • Ein får måltid inkludert, lunsj/ middag er inkludert i eigenandelen

 

Sakshandsaming

Er ikkje ei lovbestemt teneste. Det vert fatta enkeltvedtak etter lov om kommunale  helse- og omsorgstenester § 3-2 punkt 6, bokstav b

 

Betaling for tenesta

Eigenandel: Satsane vert vedtatt i kommunestyret og framgår av vedtaket.

Lovgrunnlag

Ikkje ei lovpålagt kommunal teneste

Søknadsskjema

Sist endra 21.12.2017

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne