Hjelpemiddel

Definisjon

Hjelpemiddel er ein gjenstand eller eit tiltak som bidreg til å redusere praktiske problem. Hjelpemiddel kan betre funksjonen til dei som nyttar dei, eller kompansere for tapt funksjon. Hjelpemiddel for korttidslån kan leigast i kommunen, ein kan då kontakte  til heimetenesta der. Ein kan søke om varig utlån av hjelpemiddel frå NAV, Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal.

Målsetting

Eit hjelpemiddel er ikkje eit mål i seg sjølv, men skal bidra til å løyse praktiske problem, må sjåast i samanheng med andre tiltak.

 

Standard for tenesta

Kommunen har fylgjande ansvar og oppgåver:

  • Har eit lager av hjelpemiddel som kan disponerast for utleige for søkjarar med midlertidige behov.
  • Har ansvar for vedlikehald og service på dei kommunale hjelpemidla
  • Distribuere hjelpemiddel frå fast leveringspunkt til brukar
  • Utføre montering og enklare serviceoppdrag samt tilrettelegge hjelpemidla hjå brukar

 

Kva kan du som søkjar forvente av Norddal kommune

Det vil bli gitt naudsynt informasjon om og opplæring i bruk av aktuelt hjelpemiddel

 

Kva blir forventa av deg som søkjar

  • Har ansvar for å lære seg å bruke aktuelt hjelpemiddel
  • Har ansvar for forsvarleg bruk av og oppbevaring av hjelpemiddel
  • Har ansvar for å sikre og ta vare på hjelpemiddel på ein god måte
  • Har ansvar for dagleg vedlikehald av hjelpemiddel
  • Har ansvar for å levere tilbake utleigd hjelpemiddel

 

Saksbehandling

For informasjon om midlertidig leige av kommunale hjelpemiddel kan hjelpemiddelansvarleg i heimetenesta kontaktast.

 

Betaling for tenesta

Eigenbetaling for leige av kommunalt hjelpemiddel fylgjer satsar vedtekne av kommunestyret. For krykker gjeld at desse må kjøpast

 

Andre opplysningar

Søkjar er ansvarleg for rett bruk, oppbevaring og vedlikehald av hjelpemidla. Dersom mislighald kan kommunen rette økonomisk erstatningskrav mot søkjar.

 

NAV - hjelpemiddel

Søknadsskjema omsorgstenester

Sist endra 09.03.2018

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne
Teneste (2)