Støttekontakt

Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære.

Definisjon:

Ei støttekontakt bistår ein annan person gjennom sosial samvær og ulike aktivitetar.

 

Målsetting:

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar:

  • Har behov for personleg bistand til å kunne utøve eigne aktivitetar
  • Har behov for personleg bistand til å delta i tilrettelagde aktivitetsgrupper
  • Har behov for personleg bistand til å bli integrert i eksisterande aktivitet, lag og organisasjonar
  • Har behov for støtte til å meistre livssituasjonen sin for å få ei meiningsfull fritid

 

Standard for tenesta:

  • Det vert ikkje stilt krav om at ei støttekontakt skal inneha spesiell fagleg kompetanse innan helse og omsorg.
  • Tildeling kan skje ein til ein eller eventuelt i gruppe.
  • Det vert tildelt i hovudregel inntil 2 timar per veke, etter ei individuell vurdering.
  • Søkjar kan normalt disponere timane fritt innafor ein månad.
  • Behov som klart fell inn under andre tenester skal ikkje dekkast av støttekontakten.
  • Nære familiemedlemmar bør i hovedregel ikkje vere støttekontakt

 

Kva kan søkjar forvente av Norddal kommune:

  • Har ansvar for å skaffe eigna støttekontakt
  • Har ansvar for å sikre opplæring og veiledning av støttekontakt
  • Politiattest vert krevd frå støttekontakt

 

Sakshandsaming:

Det vert fatta enkeltvedtak for tenesta

 

Lovgrunnlag:

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav b

 

Kven kan søkje:

Brukarar under 18 år med ulike funksjonsnedsettingar, vaksne over 18 år i hovudsak med funksjonsnedsettingar med behov for støtte til ei aktiv fritid.

Du sender oss ein søknad dersom du ynskjer å søkje på denne tenesta.

Ta kontakt med kommunen dersom du ynskjer meir informasjon.

 

Søknadsskjema