Omsorg, trygd og sosiale tenester

Openomsorg - Klikk for stort bilete

Vi skal arbeide for at det til ei kvar tid er eit godt utbygd og individuelt tilpassa tilbod av tenester innanfor heimetenestene og institusjonsomsorga. Tenestetilbodet skal vere basert på at alle skal ha tryggleik for at dei får dei tenester dei har behov for, og nødvendig hjelp etter individuelle vedtak.

Kvar eining har sjølvstendig driftsansvar.

 

Oppgåvene for pleie og omsorgstenesta er:

- Å gje omsorg, behandling og pleie til den som ikkje maktar eigenomsorg, personleg omsorg og praktiske gjeremål i kvardagen, enten i eigen heim eller i institusjon.

- Å stimulera den enkelte til å halda seg aktive og førebyggja helsesvikt.

Tildelingsnemnda i pleie og omsorg har møte måndagar i partalsveker. Dette gjeld ut juni 2018.

 

Les meir om dei ulike tenestene

Valldal sjukeheim

Open omsorg