Arbeids- og aktivitetssenter

Arbeid- og aktivitetssenter er eit tenestetilbud for menneske med ulike fysiske og psykiske utfordringar som gjer at dei fell utanfor det ordinære arbeidslivet, samt ikkje fyller kriteriane for varig tilrettelagt arbeid (VTA).

 

Norddal kommune er oppdragsgivar og BYRG Kompetanse AS er leverandør av denne tjenesten.

 

Vi held til i Kraftsenteret i sentrum av Valldal og har åpent frå 09.00-14.00, alle kvardagar (mandag – fredag). Med kjernetid frå 11.00-13.00.

 

Tilbodet gjeld 6 fulle plasser med inntil 12 personer. Tjenestemottakar med personlige assistent kjem i tillegg.

 

Målsetting:

Tilby enkle tilrettelagte arbeidsoppgåver og ulike aktivitetar, slik at tjenestemottakaren opplever meistring og livskvalitet i eit kravfritt miljø.

 

Kriterier for innsøk:

  • Kandidaten deltar ikkje i andre arbeids- og aktivitetstilbod.
  • Kandidaten må kunne fungere i ei gruppe.
  • Kandidaten må vær motivert og sjølv ønske å ta imot tilbodet.
  • Kandidaten må vær i stand til å ta del i dei aktivitetane som blir arrangert ved senteret.

Saksbehandling:

Bruk vedlagt søknadsskjema og send dette til:

BYRG Kompetanse AS

Postboks 18

6200 Stranda

 

Søknadsfrist: Løpande vurdering og inntak.

  • Søknad blir mottatt ved BYRG Kompetanse AS.
  • Søkjar vil få tilbakemelding om at søknad er mottatt.
  • Fagleiar vil ha eit drøftingsmøte med Einingsleiar for heimebasert omsorg i kommunen, for å vurdere om søkjar fyller kriteriane.
  • BYRG Kompetanse vil gi ei tilbakemelding til søkjar om utfallet av drøftinga, seinast innan 1 månad etter mottatt søknad.
  • Ved ansettelse vil vi gjennomføre 1 månad prøvetid. Dette for å sikre at tenestemottaker er blitt tildelt riktig tiltak.
  • Dersom det ikkje er ledig plass ved arbeid- og aktivitetssenteret vil søkjar automatisk få beskjed om dette og havne på venteliste.

 

Kva kan tenestemottakar forvente:

  • Kravfritt miljø.
  • Opplevelse av meistring og livskvalitet.
  • Tilpassa arbeidsoppgåver.
  • Tilpassa aktivitetar prega av årstider og daglige gjeremål.
  • Fysisk aktivitet og turar i lokal miljøet.
  • Song og musikk.
  • Dialog mellom AAS og kommunen slik at vår tjeneste blir i størst moglig grad sømlaus.

 

Kva blir forventa av tenestemottakar:

  • Er motivert og ønskjer å arbeide hos oss.
  • Kan delta på de ulike aktivitetane.
  • Stiller med uteklær tilpassa årstida.

 

Ved avslutning av tilbodet gjeld ein månads varsel.

 

Søknadsskjema

 

Sist endra 19.01.2018

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne
Artikkel (1)