Heimehjelp / personleg bistand i heimen

Definisjon

Hjelp i heimen/ personleg bistand er å yte hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål tilknytt hushaldninga.

Målsetting

Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og gjere vedkomande mest mogleg sjølvhjulpen ift. dagliglivets gjeremål.

 

Kriterier for tildeling

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar:

  • Ikkje er i stand til å ivareta eigenomsorg
  • Heilt eller delvis er avhengig av praktisk eller personleg hjelp og støtte til å greie dagliglivets gjeremål
  • Ikkje heilt eller delvis greier å ta del i oppgåvene
  • Ikkje har ektefelle eller sambuar eller andre som kan i vareta oppgåvene

Ved utmåling av tenesta vil det bli tatt omsyn til om det oppheld seg/ bur andre familiemedlemmer ilag med søkjar.

 

Standard for tenesta

I hovudregel:

  • Enkelt reinhald av rom som er i dagleg bruk; støvtørking, vask av gulv og bad, risting av små tepper/matter, støvsuging vert utført i kvar 2-3 veke.
  • Bistand til vask av koppar i oppvaskmaskin.
  • Bistand til vask av kle og sengetøy i vaskemaskin, hjelp til å henge opp og ta ned kle. Bistand til sengeskift kvar 2-3 veke.

 

Oppgåver som tenesta i hovedregel ikkje omfattar

  • Storreingjering, dette må ordnast privat
  • Oppgåver i eller reingjering i rom som berre nyttast av andre i familien eller gjester
  • Risting av tunge gulvtepper
  • Kjeller og loftsrydding/vasking
  • Vindusvask
  • Tøyvask for hand
  • Stryking av tøy
  • Pussing av sylv, kopar, messing
  • Baking
  • Reingjering av hus i helgene
  • Klargjering av søppeldunkar dersom dette kan gjerast av pårørande
  • Hagearbeid
  • Snømåking utover det som sjåast på som absolutt naudsynt
  • Husdyrhald
  • Flytting
  • Økonomiske tenester

 

Kva vert forventa av deg som søkjar

Dersom du avbestiller må du gi beskjed seinast dagen før avtalen. Dersom det ikkje skjer vert du fakturert for 1 time. ( OBS! Dette bør innførast).

 

Utstyr det vert forventa at du har

(avhengig av hjelpa som vert ytt)

  • mikrobølgeovn dersom søkjar skal ha hjelp til å varme opp middag
  • oppvaskmaskin/ naudsynt utstyr til oppvask
  • støvsuger med langt skaft
  • vaskemaskin og tørkestativ
  • toalettbørste
  • lett mopp til gulvvask
  • Syte for naudsynte reinhaldsartiklar

 

Betaling for tenesta

Betaling for tenesta heimehjelp/ personleg bistand i heimen fylgjer reglane i «forskrift om eigenandel i kommunale helse- og omsorgstenester» Satsen vert fastsett av kommunestyret og vert utrekna individuelt på bakgrunn av hushaldninga i samla årsinntekt

 

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 punkt 6 bokstav b

 

Søknadsskjema

 

Betalingssatsar

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne