Heimehjelp

Heimehjelpstenesta skal sikre brukaren praktisk bistand og bidra til at pleie og omsorgstrengjande i Norddal kommune skal kunnne bu heime så lenge som mogleg. Målgruppa er personar som har eit særskilt behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker.

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Du har eit særleg behov for  hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. 

For å søke om heimehjelp kan du ta kontakt med Open omsorg på telefon 70 25 89 65 eller sende søknadsskjema.

Betalingssatsar for tenesta.

Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal tenesta vere gratis.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak.

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne
Artikkel (1)