Heimesjukepleie / helsetenester i heimen

Definisjon

Heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til alle aldersgrupper som har eit særskilt behov for helse- og omsorgstenester i heimen.

Sjukepleiefagleg hjelp og omsorg til heimebuande som grunna akutt eller kronisk sjukdom og/ eller funksjonsnedsetting ikkje kan i vareta eiga helse. Tenesteytar skal ikkje overta funksjonar som tenestemottakar sjølv kan utføre, heimesjukepleie skal bidra til å oppretthalde og/ eller forbetre tenestemottakars funksjonsnivå slik at vedkomande kan bu heime lengst mogleg.

Målsetting

  • Tenesta skal bidra til å førebygge, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom
  • Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til at søkjar opprettheld, eller får tilbake størst mogleg grad av eigenmeistring
  • Tenesta skal bidra til tryggleik i den livssituasjon søkjar er i.

 

Kriterier for tildeling

Søkjar er ut frå ei samla vurdering heilt eller delvis avhengig av helse- og omsorgstenester for å ivareta sine grunnleggande behov.

 

Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen.

 

Bistand til å administrere legemiddel kan vere aktuelt dersom søkjar:

  • Ikkje er i stand til å ta hand om legemiddelhandteringa sjølv
  • Har nedsett hukommelse/vurderingsevne
  • Har betydeleg nedsett funksjonsevne
  • Ikkje kan nytte multidose direkte frå apotek
  • Nyttar legemiddel som ikkje kan giast ved multidose

 

Bistand til prøvetaking, undersøkingar, injeksjonar ol. kan vere aktuelt dersom:

  • Skal i utgangspunktet skje på legekontoret
  • Opppgåva ikkje kan utførast hjå fastlege eller andre stadar
  • Søkjar ikkje kan oppsøke fastlege
  • Oppgåva er forordna av lege

 

Bistand til sårbehandling kan vere aktuelt dersom:

  • Skal i utgangspunktet skje på legekontoret
  • Sårstell ikkje kan utførast hjå fastlege eller andre stadar
  • Det er fagleg begrunna at sårstell må utførast av helsepersonell i heimen
  • Såret er vurdert av lege, krev spesiell observasjon, steril behandling ol.

 

Standard for tenesta

Personleg stell og omsorg:

  • Ved behov kartlegge og følgje opp i forhold til personleg stell og pleie
  • Ved behov bistå ved bruk av inkontinens-utstyr, stell av stomi, stell av kateter

 

Ernæring:

  • Kartlegge og følgje opp i forhold til ernæringsmessig risiko

 

Tilsyn:

  • Tilsyn i form av besøk eller telefonoppringing skal ha ei klar hensikt og vere fagleg begrunna
  • For søkjar med tryggleiksalarm kan  faste tilsynsbesøk gå ut
  • Administrasjon av legemiddel
  • Alle søkjar sine legemiddel utanom dosett/ multidose skal i utgangspunktet oppbevarast hjå  heimesjukepleien
  • Heimesjukepleien vurderer om enkelte legemiddel kan oppbevarast i søkjar sin heim
  • Sårbehandling, prøvetaking, undersøkingar, injeksjonar ol.
  • Medisinske oppgåver og oppfølging som søkjar kan få tilbod om andre stadar vil i hovudsak ikkje bli tilbode
  • Måling av puls, blodsukker, er undersøkingar som vert gjort som  ledd i ein observasjon. Dette skal vere fagleg begrunna og tidsavgreinsa
  • Opplæring/ veiledning
  • Dersom det er fagleg forsvarleg kan det giast opplæring til søkjar eller pårørande slik at den enkelte kan utføre somme faglege prosedyrar sjølv

 

Omsorg ved livets slutt:

  • Det kan leggast til rette for at den som ynskjer det kan få døy heime. I desse tilfella vert det vektlagt:
  • Søkjars og pårørande sine ynskje for at livsavslutninga så langt som mogleg vert imøtekomen gjennom ein palliativ plan
  • Søkjar og pårørande skal  vere trygge
  • Det skal avklarast samhandling mellom behandlande lege/sjukehus og fastlege
  • Det kan bli gitt tilbod om smerte- og symptomlindrande behandling

 

I nokre tilfelle kan det i samråd med søkjar og pårørande likevel bli beslutta å tilby omsorga i institusjon grunna fagleg forsvarlegheit og/eller kapasitet.

 

Lovgrunnlag:

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6 bokstav a

 

Søknadsskjema

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne