Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ein teneste som ytast i heimen hjå brukaren. Målgruppa er eldre og/eller sterkt funksjonshemma og/eller sjuke som ikke klarar seg på eiga hand. Hjelp kan til dømes vere hjelp til personleg hygiene, mat, medisiner osv. Tenesta er gratis.

For å søke om heimesjukepleie kan ein ta kontakt med heimetenesta. Søknad bør sendast på eige søknadsskjema, og det bør ligge ved ein utfyllande legeerklæring om helsetilstand.

Du kan også legge frem ein muntleg søknad og heimetenesta kan hjelpe deg med å skaffe dei opplysingane dei treng for å handsame søknaden.

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønskja og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.

Alle søknadene vert vurdert med eit heimebesøk frå tenesta i samarbeid med fysioterapitenesta. Søknad vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjeneste § 3-2 6.ledd pkt a jfr Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a.

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 23
Tittel :
Einingsleiar heimebaserte tenester
Bunnhjørne
Artikkel (1)