Middagsombringing

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka.

Definisjon

Middagsombringing er når heimebuande får ferdig tillaga middagar levert heim til si bustadadresse.

 

Målsetting

Tenesta skal sikre god ernæringsstatus hos brukar. Tenesta skal ved behov sikre den enkelte minimum tre middagar per veke.

 

Kriterier:

Tenesta kan vere aktuell dersom:

  • Søkjar er i ernæringsmessig risiko
  • Søkjar ikkje er i stand til å lage seg middag sjølv
  • Søkjar ikkje har evne og/eller greier ikkje  å skaffe/kjøpe seg middag sjølv
  • Søkjar ikkje har nokon som kan lage middag for seg
  •  

Sakshandsaming

Det vert  fatta eit forenkla vedtak i form av eit tildelingsbrev

 

Betaling for tenesta

Pris per middag med dessert eller anna, inklusive heimkøyring vert fastsett av kommunestyret.

 

Lovgrunnlag

Middagsombringing er ei ikkje lovpålagd kommunal teneste

Middag vert levert ut fortrinnsvis måndag-fredag. I enkelttilfelle kan ein innvilge middagsombringing også laurdag og søndag. Det vil alltid vere ei individuell vurdering.

Søknadsskjema

 

Betalingssatsar

 

Sist endra 19.12.2017
Artikkel (1)