Tryggleiksalarm

Tryggingsalarm er eit tilbod til eldre og /eller funksjonshemma som ynskjer å bu heime, men som pga ulike årsaker føler seg utrygg og vil sikre at ein får rask hjelp ved behov. Tryggingsalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Dette er ein abonnementordning som søkjar må koste sjølv.

Målsetting:

Tenesta skal bidra med å gi auka tryggleik i livssituasjonen. Søkjar skal oppleve at tenesta gir rask tilgang på hjelp i akutte omsorgssituasjoner døgnet rundt.

 

Kriterier for tildeling:

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar :

  • Er i stand til å bruke alarmen
  • Brukar må vere i stand til å forstå meininga med og å handtere alarmen.
  • Ofte anbefaler ein at brukar har mobiltelefon, dette då det er ei sikring for brukar ved straumbrot. Dette må vurderast i samband med kva mobildekking det er i brukars buområde.
  • Er aleinebuande. Der søkjar er i ein familiesituasjon vert familiens totale situasjon vektlagd.
  • Søkjar opplever stor grad av utryggheit.
  • Søkjar har tilstand/sjukdom som medfører stor fare for fall
  • Søkjar har tilstand/sjukdom der behov for fagleg bistand frå helsepersonell/øyeblikkeleg hjelp ofte oppstår.
     

Standard for tenesta:

  • Når kriteria er oppfylt kan tryggleiksalarm leigast av  kommunen.
  • Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral som formidler kontakt vidare til eksempelvis næraste pårørande eller heimesjukepleie.
  • Den brukar har oppgitt som varslingsinstans hjå vaktsentralen tek imot melding om brukars alarm og må utføre den naudsynte hjelpa brukar då treng.
  • Det er eigenbetaling for installering og leige av tryggleiksalarm.
  • Kommunen tek atterhald i å kople frå tryggleiksalarmar som ikkje vert nytta i tråd med tildeling.
  • Før nokon vert fråkopla tryggleiksalarm skal søkjar sin totale situasjon gjennomgåast for vurdering av helsetilstand slik at naudsynte tiltak skal kunne iverksetjast.
     

Kva er forventa av deg som søkjar:

  • Brukar ber på seg alarmen heile døgnet.
  • Nyttar alarmen i akutte omsorgssituasjonar
  • Alarmen vert forsvarleg handtert
  • Ein nøkkel må vere tilgjengeleg for heimetenesta.
  • God merking av bustaden med husnummer og namn.
     

Sakshandsaming:

Det vert  fatta eit forenkla vedtak i form av eit tildelingsbrev.
 

Lovgrunnlag:

 Tryggleiksalarm er ei ikkje lovpålagd teneste

 

Andre opplysningar:

Leige av tryggleiksalarm vert tildelt av helse- og tryggleiksårsaker. Ein må søkje skriftleg på kommunen sitt søknadsskjema. Skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonar og kan gjere behovet for andre tenester mindre. Det er ei varslingsteneste/naudalarm. Det er månadleg eigenandel for leige av tryggleiksalarm. Søkjar betalar for montering av alarmen. Søkjar må sjølv betale for skade som skuldast uaktsomheit eller dersom alarmknappen vert borte.

 

Betalingssatsar for tryggleiksalarm

 

Bruk pleie og omsorg sitt søknadskjema for å søkje om tryggleiksalarm.

Sist endra 18.12.2017
Artikkel (1)