Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. vart vedteke av Stortinget 17. juni 2005. Etter denne lova skal alle kommunane og fylkeskommunane ha eit råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.

Råd for likestilling av funksjonshemma for perioden 2016-2019:

Politisk valde:
Alv Ivar Eliassen.   Personleg vara: Remi Uri-Landsnes
Solveig Linge Stakkestad.   Personleg vara: Britt Ekrum Melchior

Frå brukarorganisasjonane:
Johan Overå, personleg vara: Jostein Dalen
Ivar Normann Heggen, personleg vara: Svein Vidar Normann


Leiar: Solveig Linge Stakkestad
Nestleiar: Alv Ivar Eliassen

Innkallingar og protokollar finn ein under "innkallingar og protokollar".

Mynde
Lova tok til å gjelde frå 10. september 2007.I medhald av denne lova er det ei formalisert ordning som med representasjon skal sikre brukarmedverknad. Rådet kan være ein viktig ressurs for kommunane mellom anna når det gjelder utfordringar i samband med universell utforming. Gjennom eit slikt råd kan ein sikra seg at verdifull erfaringskompetanse på ein god måte blir spilt inn i planarbeidet i kommunen og medvirke til at val av løysingar blir så inkluderande som mogleg.

Val og organisering
I kvar kommune skal kommunestyra sjølv velje eit råd for funksjonshemma, anten i eigen kommune eller saman med fleire (§§ 2 til 4) Kommunestyra vedtek mandat og samansetjing, men fordi dette er eit representativt råd, gjeld ikkje reglane om forholdstal.

Rådet sitt sekretariat
Dei administrative funksjonane til rådet vert ivarteke av rådmannen og hans stab. Saksbehandlarar og rådmannen legg saker inn til rådet sine møte når dette er naturleg - før sakene går vidare til rette avgjerdsmyndigheit.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 08.02.2016

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 20
Tittel :
Konsulent
Bunnhjørne