Kommentar til leiar i Sunnmørsposten i dag 17.08.2016 - kommunereforma - quo vadis

Viss fylkesmannen verkeleg vel å overstyre folkemakta (vedtak i kommunestyre etter folkerøystingar) veit vi at det skjer etter instruks frå Sanner. Viss det vidare skulle få tilslutning i Regjering og Storting, betyr det starten på slutten på det "sanne demokratiet" , dvs. der veljarane si stemme kan gjere ein forskjell.

Konsekvensen i ettertid vert svekka tillit til norske politikarar, politikarforakt, vanskar med å rekruttere folk inn i politiske verv og sviktande oppslutning om val. Det opnar igjen vegen for ei sentralisering av politisk og økonomisk makt rundt ein mindre elite i samfunnet.
Det legg grunnlaget for protestrørsler ala det vi opplever i England (Brexit) og i USA med D. Trump. Ei slik utvikling er eit langt steg tilbake frå det egalitære samfunnet vi har utvikla i Norden og som står modell for mange andre nasjonar i utvikling. Eg føler meg trist i lys av kva som kan skje !

Håpar i det lengste at Lodve Solholm trossar mulege tvangspålegg ovanfrå.


(Del gjerne denne bekymringa med dine venner på Facebook)

Ordførar Arne Sandnes

Sist endra 18.08.2016