Offentlege høyringar

På denne sida vil det bli lagt ut informasjon om planarbeid i Norddal kommune. Her vil du finne informasjon om overordna planarbeid som pågår, planar som er ute på høyring samt ferdig vedtekne planar. Oversikten er under utarbeiding.

 

Innspel
til planane kan sendast på epost til:
post@norddal.kommune.no

eller sendast per post til
Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal

Sist endra 26.10.2015
Eidsdal sentrum (1959)

Møre og Romsdal fylkeskommune har sendt forslag om rutetilbod for ferjene i jule- og nyttårshelga ut på høyring. Endringane vil gjelde frå jula 2018. Dersom nokon har innspel må dette meldast inn til post@norddal.kommune.no innan 20. juni 2017. Kommunen sender samla inn innkomne forslag innan høyringsfristen som er 28.juni.

Høyringsbrev (PDF, 42 kB)
Forslag til rutetider (PDF, 307 kB)

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge plankart, planomtale og føresegner (revidert 10.01.17) dagsett 30.08.16 ut til offentleg ettersyn.Målet med planarbeidet er å tilrettelegge for driftshus, utleigehytter, uteområde og vegløysing. Planframlegget med føresegner er lagt ut på Servicetorget og på Norddal kommune si heimeside under «Planar». www.norddal.kommune.no.
Merknadar må vere skriftlege, og vert å sende Norddal kommune, Pb 144, 6211 Valldal eller post@norddal.kommune.no. Merknadsfrist: 26.05.2017.

Plankart (PDF, 2 MB)

Kartskisse (PDF, 306 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Reguleringsføresegner (PDF, 120 kB)

Med heimel i plan og bygningslova § 12-11 vedtek Det faste utvalet for plansaker å sende detaljreguleringsplan Solfjord – plankart, føresegner og planomtale dagsett 13.10.16 på høyring. Planområdet omfattar delar av reguleringsplan Blomrobben bustadfelt innanfor arealdelplan Eidsdal.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge detaljregulering for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping, plankart, føresegner og planomtale dagsett 27.01.17 ut til offentleg høyring i 6 veker.

Norddal kommunestyre vedtok i møte 26.05.2016, i sak 035/16, forslag til reguleringsplan for fylkesveg 63 Korsmyra - Indreeide.

 

Teneste (1)