Detaljregulering Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping - høyring

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge detaljregulering for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping, plankart, føresegner og planomtale dagsett 27.01.17 ut til offentleg høyring i 6 veker.

Målet med planarbeidet er å omregulere for å samsvare meir med etablert bruk: frå friområde til campingplass, småbåthamn og utandørs bad med tilhøyrande tilkomst og parkering.

Planframlegget med føresegner er lagt ut på Servicetorget og på Norddal kommune si heimeside.

Merknadar må vere skriftlege, og vert å sende
Norddal kommune, Pb 144, 6211 Valldal
eller post@norddal.kommune.no.

Merknadsfrist: 31.03.2017

 

Føresegner 27.01.2017 Tafjord friluftsbad (PDF, 136 kB)

Plankart 27.01.2017 Tafjord friluftsbad (PDF, 524 kB)

Reguleringsplan Tafjord friluftsbad m.v -1.gongs handsaming (PDF, 106 kB)

Sist endra 17.02.2017