Varsel om oppstart av planarbeid - utviding av Omnosåsen bustadfelt

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Norddal kommune oppstart av planarbeid ved Omnosåsen bustadfelt i Valldal. Planområdet er avgrensa om lag som stipla linje på kartskisse, og er i kommuneplanen sett av til landbruksområde og spreidd busetnad.

Justeringar av planavgrensinga kan skje i løpet av planprosessen. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei utviding av eksisterande bustadfelt. Vi ber om at eventuelle innspel vert skriftleggjort og sendt til Norddal kommune.

Det er ikkje utarbeidd eit konkret forslag enda, dette er eit brev som varslar at planprosessen har starta og som har til hensikt å informere om prosessen og be om medverknad. Det er særs viktig at de kjem med eventuelle innspel no i tidleg fase. Alle innkomne merknader og innspel vil bli vurdert før det vidare vert utarbeidd eit planforslag. Når eit planforslag er klart vil dette bli sendt på offentleg ettersyn, annonsert i avis og berørte partar vil bli varsla om dette, og det vil igjen vere høve for å kome med innspel til forslaget. 

 

 

Frist for innspel 06.09.19. Merknader kan sendast til post@norddal.kommune.no