Vedteken reguleringsplan Solfjord

Norddal kommune har i møte 29.06.17 eigengodkjend reguleringsplan for Solfjord og annonserer dette no etter pbl § 12-12. Planen omfattar hovudsakleg omdisponering frå offentleg bebyggelse til overnattingsstad, og ligg tilgjengeleg for gjennomsyn på www.norddal.kommune.no og kan gjerast tilgjengeleg i fysisk format i servicetorget. 

Vedteken plan/endring er bindande for alle nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak som vist i pbl. §12-4, jf § 1-6, innanfor planområdet. Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. § 15-2 og 15-3, må vere framlagt seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Slike krav rettast skriftleg til kommunen.

Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Vedtaket kan påklagast innan tre veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage skal vere framstilt skriftleg for Norddal kommune, Pb 144, 6211 Valldal eller sendt til post@norddal.kommune.no.

Plankart (PDF, 334 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)