Kommuneval 2015

valglogo_300pxl.jpg - Klikk for stort bilete Valdagen for Kommunestyrevalet er fastsett til  måndag 14. september 2015. På denne sida vil vil legge ut informasjon fortløpande, både til politiske parti og til innbyggarane. Du finn mykje aktuell informasjon på Regjeringa sin valportal.

Det vert sendt ut informasjon om valet (PDF, 109 kB) til alle husstandar i veke 32.

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag den 14.september må du stå i manntalet. Du har rett til å bli innført i manntalet i den kommunen du er folkeregisterført som busett 30. juni 2015.

Førehandsrøysting

Førehandsrøyster for Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 skal takast imot ved servicetorget i Rådhuset i Valldal frå kl. 08.00-15.00, i perioden 10. august t.o.m. 11. september 2015.

 

Desse er oppnemnde som røystemottakarar for førehandsrøystinga:

Bente Klakken Osvik

Aud Lindis Ødegaard

Magnhild Grønningsæter

Dagrun Lilleås Arctander

Ingunn Lilleås Overå

Margareth Lossius Bjerke

Monika Høydal Lingaas

Einar Hoel

Gerd Austad Relling

Petra Nakken

 

Det vert institusjonsval ved Valldal sjukeheim måndag den 31. august frå kl. 11.00-12.30.

 

Det vert førehandsrøysting ved omsorgsbustaden i

Eidsdal laurdag 5. september frå kl. 12.00-14.00,

og på biblioteket i Valldal torsdagane 3. og 10. september frå kl. 15.00-18.00.  

 

Frist for å søkje om ambulerande røysting vert sett til 9. september 2015.

 

Opningstider på valdagen

 

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet den 14. september 2015 fastset Norddal valstyre opningstid for Valldal krins kl. 10.00 og for dei andre 3 krinsane kl. 11.00. Stengetid for Valldal krins kl. 20.00, for Eidsdal krins kl. 19.00 og for krinsane Tafjord og Dalsbygda kl. 18.00.

 

Valstyret grunngjev stenging av vallokale før kl. 20 i dei andre krinsane med at Norddal kommune er ein liten kommune, ferjekommunikasjonen og røynsler frå tidlegare val tilseier at det er nok at ein røystestad er open til kl. 20.00.

 

Røystestyrer

 

Valldal krins, rådhuset:

Kristi Linge Stakkestad, leiar

Sissel Tiril Rem

Tor Jonny Håseth

Vara: Jarle Hauge og Reidun Hoel

 

Tafjord krins, Tafjord skule:

Margareth Lossius Bjerke, leiar

Liv Marit Indreeide

Olav Kaldhusdal

Vara: Kjell Vad

 

Dalsbygda krins, Dalsbygda grendahus

Magnhild Grønningsæter, leiar

Knut Eldar Relling

Ann Kristin Lunden

Vara: Liv Marit Nystad

 

Eidsdal krins, omsorgsbustaden i Eidsdal

Aud Lindis Ødegaard, leiar

Petra Nakken

Geir Olav Øien

Vara: Egil Berge

 

Framdrift:

 

Frist for innlevering av listeforslag var 31.mars kl 12.00

Innan fristen har det kome inn 5 listeforslag til kommunevalet i Norddal.
Her kan du lese meir om listeforslaga og vidare behandling av listene

 

20.april: Tilbakekalling av listeforslag

Frist for forslagsstillarane til å kalle tilbake listeforslag, er seinast 20. april kl. 12, jf. valgloven § 6-5.

 

1.juni: Siste frist for godkjenning av listeforslag

Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast innan denne dato. Dei godkjente listeforslaga skal og leggast ut til gjennomsyn seinast 1.juni.

 

30.juni: Skjæringsdato for manntalet

Skjæringsdato for manntalet er 30. juni, dvs. manntallsført i kommunen er dei som er folkeregisterført som busett i kommunen på denne datoen, jf. valgloven § 2-4 (1).

 

1.juli: Tidlegstemmegjeving startar

I perioden 01.07.2015-07.08.2015 kan velgarane henvende seg til kommunen og be om å få avgje røyst (tidligstemmegivning), jf. valgloven § 8-1 (4).
Førehandsrøysting utanriks, på Svalbard og Jan Mayen startar, jf. valgloven § 8-1 (1).
 
 

10.august: Førehandsrøysting startar

Ordinær forhåndsstemmegivning i perioden 10.08.2015-11.09.2015, jf. valgloven § 8-1 (1).
 
 

4.september: Førehandsrøysting utanriks vert avslutta

Forhåndsstemmeperioden avsluttes utenriks, jf. valgloven § 8-1 (2).
 
 

11.september: Førehandsrøysting innanriks vert avslutta

Forhåndsstemmegivningen innenriks avsluttes 11. september. Sjå valgloven § 8-1 (2).
Sist endra 22.07.2015