• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Personopplysingar

Før du gjev opp personopplysningar må du samtykkja i personvernerklæringa

Personvernfråsegn
Personvernfråsegn for elektroniske skjermdialogar frå Norddal kommune

Definisjonar (ref. Personopplysningslova § 2)

Personopplysning:  Opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson. 
Ansvarlig for handsaming:  Den som bestemmer føremålet med handsaminga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal verte brukt (mottakar). 

Datahandsamar:  Den som behandlar personopplysningar på vegne av den ansvarlege for handsaming. 

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av Norddal kommune som datahandsamar av personopplysningar. Norddal kommune ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgde og at datatryggleiken er teken vare på. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid verte dokumentert etter gjeldande føresegner. ACOS (leverandør av datasystem) er berre datahandsamar av personopplysningane, medan det er mottakar (Norddal kommune) som er eigar av data og ansvarleg for handsaming. Eigartilhøvet vert regulert av ein egen datahandsamingsavtale.

Føremålet med handsaminga av personopplysningar
Opplysningar som du fyller inn, vert sendt over til ansvarleg for handsaming. Opplysningane gjer ansvarleg for handsaming  i stand til å utføre si sakshandsaming av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om handsaming av personvern
Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personvernopplysningar (personopplysingslova) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne fråsegna, samtykkjer du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykkjet vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykkje for handsamingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp att for vidare utfylling seinare. Opplysningane du har tasta inn vil liggje lagra på ACOS sin server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottakar (Norddal kommune), før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. Når du har valt innsending, har du samstundes samtykt i at mottakar (Norddal kommune) kan ta i mot opplysningane. Så snart søknaden er sendt over til ansvarleg for handsaming, vert innhaldet sletta frå datahandsamar sin server (seinast innan tre døgn). Vel du å avbryte utfyllinga for å hente ho opp att seinare, vil opplysningane berre vere tilgjengelege i 72 timar før dei vert sletta. Utvalde skjema er mogleg å langtidslagre på serveren til leverandør (ACOS AS). Nøkkelopplysningar frå desse søknadene vil automatisk verte henta opp når du startar ein ny søknadsprosess. For langtidslagring gjeld ei utvida personvernerklæring. Du vil få tilbod om å langtidslagre dei innsende skjema det er mogleg å lagre.

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata verte sletta frå datahandsamar sin server så snart søknaden er send over til ansvarleg for handsaming (seinast innan tre døgn). Datahandsamar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysning om mottakar).

Sikker linje
Alle opplysningar som vert overførte mellom di datamaskin og vår server går over sikker kryptert line (SSL). Løysinga svarar til tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å rette ein førespurnad til post@norddal.kommune.no. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv gjere ei slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.

Unnlatt samtykke
Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteninga til Norddal kommune sitt søknadssenter - i høve til elektroniske søknadsskjema. Du må då ta kontakt med Norddal kommune på annan måte.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.

Førespurnader
Dersom du har spørsmål om personvernfråsegna, kan du kontakte:

Norddal kommune
Pb. 144
6211 Valldal
Tlf. 70 25 88 00
Epost: post@norddal.kommune.no