Teknisk og brann

Det er inngått avtale om interkommunalt samarbeid innan tekniske tenester mellom kommunane Norddal og Stordal. Samarbeidet heiter Teknisk samarbeid kommunane Stordal og Norddal, forkorta TSSN. Trond Alstadsæter er leiar for avdelinga. Føremålet med avtalen er å få til ei godt fungerande teneste og eit godt fungerande samarbeid i dei to samarbeidskommunane innan dei tekniske tenestene. Målsettinga er samstundes å skape eit fagmiljø som vert meir attraktivt og fagleg interessant. 

Publisert 21.06.2016

Norddal kommune skal inngå nye avtalar for vintervedlikehald på kommunale vegar fram til våren 2020. 

Publisert 15.06.2016

Norddal kommunestyre vedtok i møte 26.05.2016, i sak 035/16, forslag til reguleringsplan for fylkesveg 63 Korsmyra - Indreeide.

 

Publisert 20.10.2015

NVE fekk frå 01.01.2009 det overordna statlege forvaltningsansvaret for førebygging av skredulykker. NVE orienterte i 2011 om at det var laga ein plan for samla skredfarekartlegging. I denne planen var laga ei prioritert liste der Norddal kommune kom høgt opp. Kartlegginga rettar seg først og fremst mot eksisterande bebyggelse.

 

Publisert 09.10.2015

 I samband med TV-aksjonen 2015 har ÅRIM i samarbeid med Elretur starta ein kampanje:

For kvar kilo elektrisk og elektronisk avfall innbyggjarane i ÅRIM leverer på miljøstasjonane frå måndag 12. til laurdag 17. oktober, gir vi to kroner til TV-aksjonen.

Publisert 07.10.2015

Arbeidet går framover med bygget, delar av gamle samfunnshuset er borte, invetaret er fjerna og no er konstruksjonen på idrettshallen begynt å røyse seg.