Teknisk og brann

Det er inngått avtale om interkommunalt samarbeid innan tekniske tenester mellom kommunane Norddal og Stordal. Samarbeidet heiter Teknisk samarbeid kommunane Stordal og Norddal, forkorta TSSN. Trond Alstadsæter er leiar for avdelinga. Føremålet med avtalen er å få til ei godt fungerande teneste og eit godt fungerande samarbeid i dei to samarbeidskommunane innan dei tekniske tenestene. Målsettinga er samstundes å skape eit fagmiljø som vert meir attraktivt og fagleg interessant. 

Publisert 18.08.2015

Frå 1. juli vert byggjereglane forenkla. Du kan då setje i gang ei rekkje mindre byggjetiltak utan å søkje løyve frå kommunen. Meir informasjon om endring i byggjereglane på Direktoratet for byggkvalitet sin nettstad og kommunen si heimeside under "bygging".

Publisert 19.06.2015

Tilbodet gjeld for innbyggjarar i Eidsdal, Norddal og Geiranger. Om ein tingar henting innan fredag på arim.no eller tlf. 70 31 41 00, vil ÅRIM sin mobile miljøstasjon hente avfallet onsdag i påfølgjande veke.