Kommunalt kriseteam

Lys - Klikk for stort bilete

Kommunen har eit kriseteam som kan gje psykososial omsorg og støtte i ein krisesituasjon. Dette er ei tverrfagleg gruppe med kompetanse frå mange fagområde.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 21.07.2017

Gruppa kan kome saman ved spesielle dødsfall, personlege kriser, brotsverk, ulykker og andre kriser. Dei er eit supplement til det etablerte behandlingsapparatet.



Gruppa skal gje "emosjonell førstehjelp", skaffe praktisk hjelp og støtte. Det einskilde medlem kan kalle saman gruppa. Varsling om behov for gruppa kan meddelast til legevaktsentralen, tlf. 116 117. Gruppa vurderer sjølv om det er naudsynt at dei trer i aksjon. To eller fleire reiser ut saman - alt etter situasjonen. Alle i gruppa har teieplikt.

 

Frå juli 2017 vart det felles kriseteam for kommunane Norddal og Stordal

 

Monika Stavseng, helsesøster i Stordal - er leiar for gruppa
 

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 12
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne
Hovudside (1)