Offentlege høyringar

På denne sida vil det bli lagt ut informasjon om planarbeid i Norddal kommune. Her vil du finne informasjon om overordna planarbeid som pågår, planar som er ute på høyring samt ferdig vedtekne planar. Oversikten er under utarbeiding.

 

Innspel
til planane kan sendast på epost til:
post@norddal.kommune.no

eller sendast per post til
Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal

Sist endra 26.10.2015

Norddal kommune har i møte 29.06.17 eigengodkjend reguleringsplan for Solfjord og annonserer dette no etter pbl § 12-12. Planen omfattar hovudsakleg omdisponering frå offentleg bebyggelse til overnattingsstad, og ligg tilgjengeleg for gjennomsyn på www.norddal.kommune.no og kan gjerast tilgjengeleg i fysisk format i servicetorget. 

Norddal kommune har i møte 01.02.18 med heimel i pbl. 12-14 vedteke reguleringsplan «Berge massedeponi og rigg». Planen legg opp til eit permanent massedeponi, omdisponering frå LNF-område til landbruksområde og parkeringsplass og til midlertidig bruk som riggområde i samband med utbygging av Korsmyra-Indreeide-tunellen.
Vedtaket kan, etter pbl § 12-12, § 1-9 og Forvaltningslova kap. VI påklagast. Klage må sendast skriftleg til Norddal kommune, pb. 144, 6211 Valldal, eller til post@norddal.kommune.no, innan 3 veker frå dato for denne kunngjeringa.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter § 32 og § 42 i pbl. må vere skriftleg overlevert til kommunen seinast 3 – tre år etter denne kunngjeringa.

 Det er søkt om auka produksjon frå 1 mill. til 4 mill. smolt. Auka vil skje ved buk RAS og

vere innanfor eksisterande avtala om vasstilgong.

Med heimel i plan og bygningslova § 12-11 vedtek Det faste utvalet for plansaker å sende detaljreguleringsplan Solfjord – plankart, føresegner og planomtale dagsett 13.10.16 på høyring. Planområdet omfattar delar av reguleringsplan Blomrobben bustadfelt innanfor arealdelplan Eidsdal.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge detaljregulering for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping, plankart, føresegner og planomtale dagsett 27.01.17 ut til offentleg høyring i 6 veker.

Teneste (1)