Permisjon frå grunnskuleopplæring

Etter søknad kan grunnskuleelevar få permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (ti skuledagar) når fritaket er fagleg forsvarleg. For permisjon utover to veker gjeld det eigne reglar om utmelding.

A: Permisjon inntil 2 veker

Når det er fagleg forsvarleg, kan kommunen etter søknad frå foreldra gje den enkelte eleven permisjon frå den pliktige undervisniga inntil to veker.

Det er eit vilkår for retten til slik permisjon at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute - jf. Opplæringslova § 2-11. Etter delegert vedtaksmynde gjer rektor vedtak. Vedtak er einskildvedtak etter Opplæringslova.

For søknad om lengre fritak frå undervisninga skal eige søknadsskjema nyttast. Søknaden skal leverast på elektronisk skjema.
 

B: Permisjon utover 2 veker

For permisjon utover 2 veker skal eleven meldast ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Foreldra overtek då sjølve opplæringsansvaret, og er ansvarlege for at eleven får undervisning i samsvar med opplæringslova. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande.

For søknad om lengre fritak frå undervisninga skal elektronisk skjema nyttast. Det må søkjast i godt tid.

Vedtak er einskildvedtak etter Opplæringslova.

Sist endra 18.06.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)