Adopsjon

Formålet med adopsjon er i første rekke å gje ein god og varig heim til barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta vare på. Adopsjon skal alltid vere til beste for barnet. Det er ei kommunal oppgåve å tilrå søknader om adopsjon (sosialrapport). Det er barnevernet som fattar endeleg vedtak om innvilga (ev avslag) på adopsjonssøknaden.

Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.

F.o.m 1.februar 2015 blir ansvaret for å utrede søkjarar om ynskjer å adoptere barn overført frå kommunane til Bufetat

 

Søknadsskjema og informasjon om kva vedlegg som må leggast ved søknaden finn du på Bufetat i nettside. Når Bufetat har motteke søknaden med alle vedlegg og attestar, vil fosterheimstenesta i regionen blir bedt om å utrede søkjarane og utarbeide ein sosialrapport. 


Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sitt regionkontor.

Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Når søknaden om adopsjon utanlands er klar til å sendast ut av Norge må søkjarane bestemme seg for kva søknad dei ynskjer å prioritere. Om ein vel adopsjon frå utlandet må søknaden om adopsjon av eit norskfødt barn takast ut av det norske registeret. Ein kan vere registrert som søkjar av adopsjon av eit norskfødt barn i ett år.

 

Søkjrarar busett i fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal skal sende sin søknad til:

Bufetat, region Midt-Norge

Postboks 2233

3103 Tønsberg

Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.

Sist endra 04.02.2015

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne
Artikkel (1)