Barnevernstenesta

Handtrykk
Handtrykk

Formålet med tenesta er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid, samt å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta har også ansvaret for å skrive sosialrapportar i adopsjonssaker.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 15.12.2010

Omtale av tenesta
•·        Sikre at born og unge, som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
•·        Bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Alle kan ta kontakt for å avtale tid for kontorsamtale på kontoret eller besøk heime.

Barneverntenesta kan bidra med
•·        råd og rettleiing
•·        plass i barnehage
•·        støttekontakt
•·        familieråd
•·        besøks-/avlastningsheim
•·        tilbod om fritidsaktivitetar
•·        Foreldretettleiing ( henvisning til PMTO, ICDP, MST )
•·        Familierettleiing (søke om FFT tiltak)
•·        Fosterheim
•·        Institusjon

Målgruppe
Barn og unge mellom 0-18 (i visse høve 23) år som bur eller oppheld seg i kommunen.

Kriterium for hjelp
Barnet skal ha eit særleg behov for hjelpetiltak for å få enkeltvedtak frå barnverntenesten. Om barnet har eit slikt behov vert vurdert med bakgrunn i ei undersøking.

Dersom barnevernet mottek opplysningar som gjev grunnlag for bekymring for barnet sin omsorgssituasjon pliktar barnevernet å undersøke tilhøva. Ei undersøking etter Lov om barneverntenester skal gjennomførast innan 3 mnd, dersom ikkje særlege tilhøve gjer at ein treng lenger tid til å få opplyst saka

Barnerntenesta kan konkludere med at hjelpebehovet er tilstades men fell inn under andre lovverk. Barneverntenesten vil då vere hjelpsame med å henvise til rett teneste.

Kven melder om bekymring
Barn er avhengige av at vaksne meder ifrå om bekymring for born.

Alle som har grunn til å tru at eit barn lever under forhold som ikkje er gode for barnet kan melde ifrå om bekymring. Det er høve til å ta kontakt på telefon for å diskutere bekymringa før ein sender melding.

Private meldarar vert oppfordra til å stå fram med fullt namn. Det er ei stor belastning for familiar å ikkje vite kven som har meldt ifrå til barnevernet. I enkelte høve kan det vere greit at meldar er anonym, det er omsynet til barnet som er avgjerande.

Offentlege meldarar skal ikkje kome med anonym melding.  Barneverntenesta oppfordrar offentlege meldarar til å informere foreldra om at medling vert sendt og gjerne mede behov for hjelp saman med barnets foresatte

Usikker på om du skal melde ifrå ?  Prøv å sette deg inn i barnet sin situasjon og vurder ;
"Korleis er det å vere dette barnet ?"

Samarbeidspartnarar
Vi samarbeider mellom anna med:
•·        Skular
•·        Oppfølgingstenesten (Teneste for elevar som ikkje nyttar retten til vidaregåande skule)
•·        Barnehagar
•·        Helsestasjon
•·        Legesenter
•·        Pedagogisk-psykologisk rettleiingsteneste (PPT)
•·        Politiet
•·         NAV
•·         Sjukehusa 

Fosterheimsarbeid
Fosterheimar er private heimar som for ein periode ivaretek omsorga for eit eller fleire barn som ikkje kan bu heime hjå foreldra.  Fosterheimplasseringa kan vere kortvarig eller langvarig, avhengig av årsaka til at barnet ikkje kan bu heime.

BUF-etat (Bufetat.no) har ansvaret for rekruttering av fosterheimar og tilbyr opplæring til heimar gjennonm PRIDE kurs. Kommunen har ansvar for oppfølging av fosterheimane etter plassering saman med BUFetat.

Det er stort behov for fosterheimar i Møre og Romsdal. Fosterheimane mottek utgiftsdekning som skal dekke ekstrautgifter familien blir påført som følgje av at barnet flyttar inn i heimen og ein symbolsk kompensasjon for arbeidet med å følge opp barnet i forhold til offentlege etatar etc.

Beredskapsheim
Barneverntenesten har ansvar for umiddelbart å ivareta barn som står utan omsorg når foreldra er sjuke eller av andre årsaker ikkje kan ta seg av barnet.

Beredskapsheim er ein heim som tek imot desse barna når somhelst på døgnet. Tidsperspektivet kan vere nokre timar/over natta til fleire veker. Barneverntenesten vurderer først om nær familie av barnet kan ivareta. I nokre tilfeller vert institusjonar og heimar utanfor distriktet nytta til beredskapsheim for borna.

Besøksheim
Besøksheimar er private heimar som på ettermiddagstid, i helger og feirar har eit eller fleire barn på besøk. Det er ulike grunnar til at barn treng besøksheim. Felles for barna er at dei har behov for aktivisering, opplevingar og omsorg. Det er vanleg at borna overnattar i besøksheimen.

Kommunale fosterheimar, beredskapsheimar og besøksheimar
Kommunane har behov for beredskapsheimar, besøksheimar og fosterheimar i nærmiljøet.

- Kommunale fosterheimar vert ofte nytta i tilfelle der foreldre ber om midlertidig fosterheim for barnet i ein periode før barnet skal flytte heim til foreldra. 
- Kommunale beredskpsheimar tek imot barn og ungdommar heile døgnet.
- Besøksheimar ivaretek barn enkeltdagar og helger. Ved større påkjenningar i familien kan besøksheimen bli forespurt om å ivareta barnet i lenge perioder.

Storfjorden barnevern er interesserte i å kome i kontakt med familiar som kan tenke seg slike oppdrag. Når ein har meldt seg som interessert vil ein bli kalla inn til ein godkjenningssamtale. Som kommunal beredskapsheim har ein høve til å avstå frå å ta på seg oppdraget på grunn av private forhold. Dette i motsetning til statlege beredskapsheimar som er løna for å vere klar til å ta imot barn når som helst. Dei statlege beredskapsheimane vert rekrutterte av BUF-etat. Det er behov for statlege beredskpasheimar.

Adopsjon
Storfjorden barnevern er ansvarleg for foreløpig godkjenning av private familiar i kommunane Stordal, Norddal, Ørskog og Skodje som ynskjer å adoptere barn frå utlandet.

Godkjenninga foregår gjennom innhenting av helseopplysningar frå lege, samtale med familiemedlemmane og heimebesøk. Det kan vere behov for samtale med personar i nettverk og  arbeidsgivar. Informasjonen og vurderingane vert samla i ein sosialrapport som ligg til grunn for om familien vert godkjent eller ikkje.

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne