Barne- og familievern


Barnevern
Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Norddal kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.

Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barnevernet.

Barnevernet er organisert i eit interkommunalt samarbeid med kontorstad Skodje.

Kriser
Norddal kommune har ikkje vaktordning for barnevern utanom kontortid. Oppstår det krisesituasjonar, ta kontakt med Politiet på tlf. 02800.

Oppstår det krisesituasjonar med t.d. vald i nære relasjonar, kan ein kontakte Krisesenter for Sunnmøre.


Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 12.03.2012
Hovudside (1)