Barnevern

Logo Storfjorden barnevern - Klikk for stort bileteLogo Storfjorden barnevern Storfjorden barnevern er ei felles barnevernsteneste for kommunane Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal. Kontoret er lokalisert på Skodje rådhus. 

Storfjorden barnevern tilbyr hjelpetiltak for å forebygge og for å avhjelpe barn med vansklege omsorgsvilkår.

 

Barnevernet kan tilby konsultasjon i alle samarbeidskommunane.

Kontaktinformasjon

Generell informasjon om barnevern

 

Organisering:

Skodje kommune er vertskommune for eininga Storfjorden barnevern. Eininga er ei frittståande og samarbeider med kommunane sine andre einingar.

 

Storfjorden barnevern arbeider etter spesialistmodell med følgande inndeling:

Team Mottak og undersøking. Dei tilsette er barnervernkonsulentar med ansvar for utgreiing av omsorgsbehov og omsorgskompetanse

Team Tiltak som består av tre underteam

 

Team for oppfølging av barn med hjelpetiltak.  Dei tilsette er barnevernkonsulentar med saksbehandlingsansvar og ulik vidareutdanning

 

Team for oppfølging av barn som bur utanfor biologisk heim. Barnevernkonsulentar, familieterapeut og tilsynsførar

 

Team for utøvande tiltak etter enkeltvedtak. Tiltakskonsulentar med ulik erfaring og evidensbasert kompetanse som familieterapi, ICDP, COSP og PMTO

 

Samarbeid

Helse, Barnehage, Skule og Flyktningtenesta er naturlege samarbeidspartar som innfrir til fleirfagleg tenking og heilhetleg forståing av barn og unge sin situasjon.

 

Storfjorden barnevern er tverrfagleg samansett av tilsette med utdanning som  barnevernpedagog, sosionom, sjukepleiar, familieterapeut og spesialpedagog.

 

Visjon:

Like godt barnevern i kvar ei bygd og grend

 

Verdisyn:

Barneverntenesten har ei overordna forståing av barnet si utvikling er eit resultat av arv og miljø.  Gjennom gode oppveksvikår vil barn utvikle seg til å verte trygge, inkluderande og sjølvstendige. Det er eit mål at barn skal nå sitt eige potensial og oppleve god eigenverd.

 

Barn har rett til god og utviklingsstøttande omsorg. Barnet er ein del av familien og samfunnet. Storfjorden barnevern ser heilhetleg på barnet sin situasjon og kan sette inn hjelpetiltak på fleire nivå for å rette opp og forebygge skeivutvikling hos barn.

 

Satsing i 2016

Storfjorden barnevern har i inneverande periode særleg kompetansefokus på :

  • Barns rett til medverknad.
  • Barn som lever med vald i familien
  • Fleirkulturelt arbeid i barnevernet
  • Tidleg tverrfagleg innsats.

 

Storfjorden barnevern er Mitt Liv-barnevern i samarbeid med Forandringsfabrikken

 

Barneverntenesta har kontor i Skodje rådhus.

Om det er noko de lurer på, ta gjerne kontakt med oss på tlf 70 24 40 00.

 

Sist endra 25.08.2016

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne