Besøksheim / å vere besøksheim

Ønskjer du å bli besøksheim, ta kontakt med barnevernet. Norddal kommune er med i det interkommunale samarbeidet Storfjord Barnevern som omfattar kommunane Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog. Kontoret er lokalisert på rådhuset i Skodje kommune.

 

Å vere besøksheim inneber at du tek imot born eller ungdom éin eller fleire helgar per månad. Det er viktig at du er ein trygg og stabil vaksen som har husrom og hjarterom. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Han skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

Kommunen vil oftast avertere etter besøksheim når det er behov. Du kan òg vende deg til kommunen på eige initiativ.

Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å vere besøksheim. Det blir lagt størst vekt på kor eigna du er som person. Du kan gjerne ha eigne born.

For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Ein kan krevje politiattest også frå andre som bur eller oppheld seg i heimen.

Telefon 70 24 40 00
Adresse: Storfjord Barnevern, rådhuset, 6260 Skodje

Send søknaden til
Storfjord Barnevern
Rådhuset
6260 Skodje

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne
Artikkel (1)