Fosterheim / å vere fosterheim

Har du eller de lyst til å vere fosterforeldre og evnar å gi born ein trygg og god heim? Ein fosterheim tek imot born når barnevernstenesta har avgjort at ein skal setje i gang eit hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Kommunen har ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med heimen. Du vil få den nødvendige opplæringa.

Fosterforeldra skal vurderast nøye opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava til deg er at du er i ein stabil livssituasjon og har eit sosialt nettverk -  uansett om du er sambuar, einsleg eller gift.

For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Det kan krevjast politiattest også frå andre som bur i fosterheimen.

For meir informasjon kontakt Storfjorden barnevern.
Epost: lene.solheim@skodje.kommune.no
Tlf 70 24 40 32

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne
Artikkel (1)