Gratis advokatråd

Kvinner eller menn som er, eller har vore, utsett for psykisk og fysisk vald kan kontakte Krisesenter for Sunnmøre. Gratis advokatrådgjeving er også del av tilbodet.
Er du utsett for fysisk/psykisk vald?
Krisesenter for Sunnmøre tilbyr éi gratis rådgjeving hos advokat.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Første gong publisert 12.12.2011

Krisesenter for Sunnmøre

  • Kvinner, tlf.  70 16 33 33
  • Menn, tlf.  90 70 74 33

Tilbodet i krisesenteret er interkommunalt for kvinner, barn og menn av alle nasjonalitetar. Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre. Tilboda er gratis. Du tek direkte kontakt med oss, og treng ikkje tilvising eller timeavtale.

Vi støttar og gir råd på telefon gjennom både dagtilbod og døgntilbod. Her er eit trygt og mellombels butilbod (aleine eller saman med born). Vi hjelper med kontakt til naudsynt støtteapparat og skal sikre oppfølging. Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesun.

Meir informasjon om tilbodet ligg på nettsida til Krisesenter for Sunnmøre. 

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 00
Bunnhjørne
Teneste (1)