Krisesenter

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt.

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesund:
· Krisesenter for Sunnmøre - avdeling kvinner 70 16 33 33
· Krisesenter for Sunnmøre - avdeling menn 90 70 74 33

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Dei kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte 
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde 
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Finn nærarste krisesenter

Krisesenterlova

Sist endra 08.05.2014
Artikkel (1)