Storfjorden barnevern

Logo Storfjorden barnevern
Logo Storfjorden barnevern

Storfjorden barnevern er ei felles barnevernsteneste for kommunane Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal. Kontoret er lokalisert på Skodje rådhus.

Det er oppretta ei samarbeidsgruppe som skal arbeide tverrfagleg for barn sitt beste. Faste medlemmer er representant frå PPT, sosial/barnevern, helsestasjon/skulehelseteneste, og frå skule og barnehage. Det er også høve til å trekke inn andre faggrupper dersom det er behov for det. Formålet med gruppa er å gje eit enda betre tilbod til barn og unge.

Ofte er problem og vanskar som unge kan ha samansette. Det er då ein stor fordel dersom fleire faggrupper, med ulik og utfyllande kompetanse, kan samarbeide om å vere med å førebygge eller å løyse desse vanskane.

I gruppa vil generelle problemstillingar knytt til skule- og barnehagemiljø, til dømes mobbing trivsel bli drøfta, og ein vil prøve å finne tiltak som kan fremje ei positiv utvikling. Gruppa kan også drøfte konkrete barn/unge som strir med problem, men dette vil berre skje dersom foreldra har gitt samtykke til dette. Medlemmene i gruppa er underlagt lovgjevinga sine bestemmelsar om teieplikt.

Vi vonar at foreldre, føresette og andre som er i kontakt med barn og unge vil sjå på gruppa som ein ressurs, og ta kontakt dersom det er behov for hjelp eller råd. Problema treng ikkje vere store for å ta kontakt. Det er ofte lettare å hjelpe dersom ein kjem tidleg til.

Barneverntenesta arbeider etter Lov om barneverntenester av 17. Juli Nr. 100. 1992. Lova sitt formål er:

  • Å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg i rett tid.
  • Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Lova gjeld for alle som oppheld seg i riket.

Kven lova gjeld for:

  • for alle barn under 18 år.
  • Når barnet samtykker, kan tiltak som er iverksett før barnet er 18 år, stå ved lag eller ein kan erstatte det med nye tiltak inntil barnet har fylt 23 år.
  • Barnevernet skal drive med førebyggjande verksemd.
  • Barnevernet skal ta omsyn til barnet sitt beste.
  • Barnevernet har plikt til å gjennomgå alle innkomne meldingar.
  • Barnevernet har rett og plikt til å gjere undersøkingar dersom det er rimeleg grunn til å tru at barnet lever under forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova.
  • Barnevernet har hjelpetiltak for barn og barnefamiliar, dette kan vere støttekontakt, barnehageplass, avlastningstiltak i heimen osv.

Barneverntenesta har kontor i Skodje rådhus.

Om det er noko de lurer på, ta gjerne kontakt med oss på tlf 70 24 40 00.

Sist endra 15.12.2010

Kontakt

Telefon :
70 24 40 00
Bunnhjørne
Teneste (1)