Barnehagane i Norddal

Norddal kommune kan tilby om lag 100 barnehageplassar for barn opptil 6 år.
Opplegg og innhald i dei ulike barnehagane er styrt av ein rammeplan som gjeld for alle barnehagane i Norge. I tillegg har kvar barnehage eigne satsingsområde. Dermed får barnehagane ulikt tilbod og ulik profil.
Norddal kommune har samordna opptak for alle barnehagane. Søknadsfristen til hovudopptaket er

Norddal kommune har samordna opptak for alle barnehagane. Søknadsfristen til hovudopptaket er 15. mars kvart år.Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Treng du hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf 70 25 88 00. Du treng brukarnamn og passord for å logge deg inn på skjemaet.

Alle born som fyller 1 år seinast 31.august 2012 og som søkjer innan fristen 15.mars har lovfesta rett til barnehageplass.

Dei som får plass må vere busette i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 18.06.2014
Hovudside (1)
Avgifter (1)
Eksterne lenker