Barnehagar

Dalsbygda barnehage - Klikk for stort bilete

Norddal kommune kan tilby om lag 100 barnehageplassar for barn opptil 6 år.
Opplegg og innhald i dei ulike barnehagane er styrt av ein rammeplan som gjeld for alle barnehagane i Norge. I tillegg har kvar barnehage eigne satsingsområde. Dermed får barnehagane ulikt tilbod og ulik profil.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 23.03.2015

Sentralt i alle barnehagane står likevel utvikling av sosial kompetanse og bruk av leik. Det blir og jobba medvite med sentrale fagområde som til dømes drama, musikk, forming, språk og uteliv. Innhaldet i barnehagane blir stadig vurdert og forbetra saman med foreldre, barn og personale. Arbeidet i barnehagane er forankra i ny rammeplan som er gjeldande frå 2011.

Sektoren arbeider stadig for å tilby brukarane dei plassane dei ber om. Norddal kommune kan tilby både heile, halve, delte og korttidsplassar.

Alle barnehagane har eit foreldreråd. Foreldrerådet har rett til å uttale seg om saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen.

Det er felles opptak, og det skal søkjast elektronisk på kommunen sitt søknadssenter. Dei som har fått barnehageplass har denne til skulestart. Det er ikkje naudsynt å søkje på nytt, men barnehagen treng ei stadfesting på at du vil behalde denne plassen. Søknad utanom hovudopptak skjer på det samme skjemaet. Barnehagane gir informasjon om dette.

Artikkel (1)
Avgifter (1)