Barnehageplass

Vi vil tilby alle småbarnsforeldre eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Norddal kommune har eit samordna opptak for alle barnehagane, både kommunale og private barnehagar. Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Elektronisk søknad

Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. nr. 70 25 88 00.

Til elektronisk søknad om barnehageplass.

Treng du manuelt skjema, kontakt Servicetorget.

 

Lovfesta rett til barnehageplass

Alle born som fyller 1 år seinast 31.august søknadsåret, og som søkjer innan fristen 15.mars har lovfesta rett til barnehageplass. Dei som får plass må vere busette i kommunen når dei tek til i barnehagen.
 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr post til Norddal kommune, pb 144, 6211 Valldal innan søknadsfristen 1. mars. Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

Prisar for barnehageplass finn du her.

Sist endra 06.01.2017

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Avgifter (1)