Dalsbygda barnehage

Dalsbygda barnehage ligg naturskjønt til. Barnehagen er ein del av eininga Eidsdal skule og Dalsbygda barnehage (felles leiing). Barnehagen har eigen avdelingsleiar.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 20.12.2016

Vi har styrar, pedagogisk leiar og fagarbeidarar.

 

Barnehagen har dei siste fire åra hatt to avdelingar, men vore organisert som ei avdeling på dagarmed lågt barnetal. Frå hausten 2016 vert barnehagen definert som ei avdeling, men det vert mykje gruppedeling.

 

Barnehagen har den eine avdelinga i barnehagedelen av bygget, medan den andre avdelinga nyttar tidlegare skuledel av bygget. Vi har store gode rom, gymsal og romslege garderober. Uteområdet er unikt med bakkar, asfalterte flater, sandkasser, disser, sklier og skogsområde. I nær tilknytning finn ein sjø og fjell med gode turmoglegheiter.

 

Fakta

  • Opningstid kl 07.15-16.30
  • Opphaldstid frå  2 dagar  - 5 dagar pr veke
  • Barnehagen serverer smørjemåltid kvar dag
  • Barnehagen samarbeider med den andre barnehagen i kommunen

 

Årsplan 2016/2017 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Telefon :
70 25 96 11
Tittel :
Styrar Dalsbygda barnehage
Bunnhjørne
Avgifter (1)