Moderasjonsordningar for betaling av barnehageplass 2017-2018

Norddal kommune har i samsvar med nasjonale vedtak innført to moderasjonsordningar for betaling av barnehageplass for familiar med låg inntekt.

1: Redusert foreldrebetaling:

Dersom den samla inntekta til familien er under 500.500 kr brutto, kan du ha rett på reduksjon i  betaling for barnehageplass.

2: Gratis opphaldstid.

Frå 1. august 2016 har alle 3, 4- og 5-åringar som bur i hushaldningar med lågare inntekt enn 450.000 kr rett til 20 timar gratis opphaldstid per veke.

Familiar med lågare bruttoinntekt enn 500 500.- kr kan søke om redusert foreldrebetaling. Barnehageplassen skal maksimalt koste 6 % av brutto inntekt.

•             Samla foreldrebetaling gjeld for 11 månadar

•             Kostpengar kjem i tillegg og vert fastsett av barnehagen.

•             For å søkje om redusert betaling skal det fyllast ut søknadsskjema.

•             Det er hushaldninga si samla brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie  overføringar som  barnebidrag, kontantstøtte, barnetrygd m.m. skal ikkje inkluderast.

 

Frå 1. august 2017 har alle 3, 4- og 5-åringar som bur i hushaldningar med låg inntekt rett til å få

20 timar gratis opphaldstid per veke.

Dette tilbodet gjeld for familiar med samla årsinntekt under 450 000.- kr. Ordninga gjeld både for ikkje-kommunale og kommunale barnehagar.

Føremålet med ordningane er å innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagane.

Inntil søknad med dokumentasjon føreligg, står foreldrebetalinga uendra. Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknaden med alle vedlegg er motteke, og har ikkje tilbakeverkande kraft.

 

Berekningsgrunnlag:

Føresett som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Utrekningsgrunnlaget for redusert foreldrebetaling er hushaldninga si samla personinntekt og skattepliktig kapitalinntekt. Bur eit barn fast hjå begge føresette, skal foreldrebetalinga reknast ut i frå inntekta til den føresette som har same folkeregisteradresse som barnet. Det vil seie at berekningsgrunnlaget er inntekt frå føresett som søkjer og evt. ektefelle/sambuar/registrert partner, sjølv om denne ikkje er føresett til barnet. Foreldrebetalinga skal reknast ut  i frå hushaldninga si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som ei hushaldning regnast ektefelle, registrert partnar og sambuar.

 

Hushaldningar som har hatt vesentlege varige endringar i inntekta si, i forhold til det som kjem fram av sjølvmeldinga, kan legge fram annen dokumentasjon på inntekta. Eksemplar på varige endringar er reduksjon av inntekter på grunn av samlivsbrot, langtids arbeidsledighet eller liknande. I slike tilfelle har ein også rett til å få handsama søknad om reduksjon i løpet av barnehageåret.

 

Dokumentasjon:

Foreldre som ønskjer å få vurdert om dei har rett til redusert foreldrebetaling, må søkje kommunen om det. Søknaden skal dokumenterast med siste sjølvmelding(ar). Som hovudregel vil det vere inntekta som kjem fram av sjølvmeldinga som leggast til grunn ved utrekning av reduksjonen. Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er siste års sjølvmelding. Dersom søkjar har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktig til å opplyse om disse, slik at inntektsgrunnlaget speglar den faktiske skattepliktige person- og kapitalinntekta. Skattepliktige kapitalinntekter er bl.a. renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og løsøre, leieinntekter, bruksrettigheter i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar. Skattefri overføringar som barnebidrag, kontantstøtte, barnetrygd m.m skal ikkje vere med.

 

Ordninga gjeld for både private og offentlige barnehagar, ansvaret for gjennomføringa er lagt til kommunen som barnehagemyndigheit. Vedtak om redusert foreldrebetaling kan ein gje for eit barnehageår om gongen. Føresette som har behov for reduksjon i betalingssats må difor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon av inntekt.

 

Godkjent  dokumentasjon:

• Alle foreldre/føresette skal levere kopi av siste sjølvmelding.

• Er foreldre gift/sambuande skal det leverast inntektsdokumentasjon frå begge. Sambuar er rekna når to personar har budd saman minst 12 av de siste 18 månadar eller har felles barn.

• Bur barnet saman med ein forelder og denne sin sambuar, skal det leverast inntektsdokumentasjon for både forelder og sambuar. Er forelder einsleg, skal det leverast dokumentasjon på inntekt, overgangsstønad og eventuelt andre skattbare inntekter.

• Er forelder enke(mann), skal det leverast dokumentasjon på inntekt, etterlatnepensjon/barnepensjon og eventuelt andre skattbare inntekter.

 

Dersom du er arbeidstakar:

• Kopi av siste sjølvmelding

• Kopi av siste månads lønnsslipp eller

• Ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der lønn kjem fram.

• Ved permisjon utan lønn, skal dette dokumenterast.

 

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande:

• Kopi av siste sjølvmelding

• Stadfesting frå regnskapsfører/revisor på forventa inntekt

• Hugs: Både personinntekt og næringsinntekt skal takast med i brekningen.

 

Dersom du er arbeidsledig:

• Kopi av siste sjølvmelding

• Kopi av siste utbetaling frå trygdekontoret/arbeidskontoret.

 

Dersom du er heimeverande:

• Kopi av siste sjølvmelding

• Skriv heimeverande i rubrikk for arbeidsgivar sitt namn i søknadsskjemaet.

 

Dersom du er student:

• Kopi av siste sjølvmelding

• Kopi av studentbevis eller

• Stadfesting av skuleplass frå skulen.

• Dokumentasjon på overgangsstønad.

 

Inntektsdokumentasjonen skal vere maksimalt 1 månad gamal.

Det vert ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft.

Om du får medhald i søknaden, får du fråtrekk i foreldrebetalinga pr. månad.

 

Klagerett

Vedtak om fastsetting av foreldrebetaling for det enkelte barn kan påklagast til Fylkesmannen. Vedtaket kan påklagast når familien meiner at dei burde vore omfatta av ordning for familiar med låg betalingsevne.

Klagen skal sendast via kommunen som må vurdere vedtaket på nytt i lys av klagen. Der kommunen opprettheld foreldrebetalinga, skal  klagen sendast til fylkesmannen for handsaming. Reglane i forvaltningsloven gjeld for klagehandsaminga.

 

Les meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine heimesider

Soknadsskjema

Sist endra 21.08.2017
Teneste (1)
Avgifter (1)