Vi har kort avstand både til sjø og skog, og nyttar dette mykje. I skogen ved Valldal skule har vi også lavvu.
Syltebøen barnehage er eit utspring av den foreldredrivne Sylte korttidsbarnehage. Hausten - 89 var den nye kommunale to-avdelings barnehagen i Valldal klar til bruk. Barnehagen fekk foreløpig navnet Valldal barnehage. Ved den offisielle opninga 19. mai 1990 fekk barnehagen navnet den har i dag :
SYLTEBØEN BARNEHAGE.
Etter dette har det i mange år vore behov for fleire barnehageplassar i nærleiken av kommunesenteret , og mange mellombelse løysingar har det vore. Hausten 2005 starta arbeidet med å bygge på ei 3. avdeling. Den 19. mai 2006 var den offisielle opninga av avdeling ”Ormula”, og vi er no 3 avdelingar under same tak.
Vi tilbyr fleksible ordningar i høve % og dagar, så langt mogleg er.
Barnehagen si opningstid er 07.15 -16.15, måndag - fredag.
Viser elles til barnehageruta.
Tilsette:Vi har god tilgong på høgt kvalifiserte medarbeiarar. Bemanninga er fordelt på 1 verksemdsleiar, 4 pedagogisk leiarar, fagarbeidarar og asstentar.
Satsingsområde:Vår visjon for arbeidet er: ”
VI SATSAR PÅ TRIVSEL, TRYGGLEIK OG TILLIT!”
Dei siste åra har vi brukt eit opplegg/materiell utgitt av Nasjonalforeningen for folkehelse som heiter ”STEG FOR STEG” Dette er eit rammeprogram som omhandler sosial kompetanse. Du kan lese meir i Årsplanen vår.