Separasjon og skilsmisse

Ektefellar eller registrerte partnarar som ikkje lenger vil leve saman, kan søkje om separasjon og skilsmisse. Korkje separasjon eller skilsmisse krev at partane er samde om det. Det er tilstrekkeleg at den eine ikkje lenger ønskjer at samlivet skal fortsetje.

For å bli separert er det einaste vilkåret at den eine eller begge partane ikkje lenger ønskjer å leve saman. Skilsmisse kan gjevast på to forskjellige grunnlag:

  • Når paret har vore formelt separert i minst eitt år. Partane må sjølve søkje om skilsmisse.
  • Når paret har levd fråskilt i to år utan formelt sett å ha vore separert ved bevilling eller dom. Dette avheng av at partane er einige og at begge underteknar søknaden eller seier at dei er einige i vilkåret. 

Ektefellar med felles barn under 16 år skal møte til mekling før saka blir bringa inn for retten eller fylkesmannen. Føremålet med meklinga er å komme fram til ein avtale om foreldreansvaret, samvereretten eller om kor barnet/borna skal bu fast.

Når Fylkesmannen har teke imot søknaden, kan partane innkallast til eit personleg møte dersom Fylkesmannen meiner det er hensiktsmessig. Fylkesmannen skal i alle saker der det er mogleg, innhente stadfesting på at paret har levd fråskilt i separasjonstida og ikkje gjenoppteke samlivet. Dersom vilkåret for skilsmisse er oppfylt, kan Fylkesmannen gje skilsmisseløyve.

Vigslingsattest og gyldig meklingsattest må leggast ved. Det er berre i dei tilfella der paret har felles barn under 16 år at meklingsattest må leggjast ved.

Du søkjer om separasjon og skilsmisse ved å ta i bruk eit skjema som Barne- og likestillingsdepartementet har utarbeidd. Fylkesmannen vil kunne gi deg fleire opplysningar om framgangsmåten.

Finn næraste familievernkontor

Mekling for foreldre

Ekteskapslova

Separasjon og skilsmisse (brosjyre)

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 00
Bunnhjørne