Bygging

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 14.07.2015

Skal du utføre byggje- eller anleggsarbeid får du her ei enkel rettleiing om kva tiltak som krev løyve frå kommunen, og kva dokumentasjon ein søknad skal innehalde. Om du ønskjer anna rettleiing for dykkar tiltak, ta kontakt med kommunen. Du kan òg be om ein førehandskonferanse eller eit uformelt møte.
 

Søknad kan sendast elektronisk til kommunen via ByggSøk. Her får du rettleiing undervegs i utfyllinga. Søknadsskjema som kan skrivast ut og fyllast ut for hand, er tilgjengeleg frå Direktoraret for byggkvalitet.



Ta kontakt med servicekontoret om du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema.

 

Frå 1. juli 2015 vert det enklare å gjennomføre mindre byggjetiltak på utbygd eigedom. Fleire byggjetiltak kan no setjast i gang utan løyve frå kommunen. Her finn du meir informasjon om kva tiltak dette gjeld, og kva du sjølv må passe på å sjekke før du startar. Det skal sendast inn meldingsskjema (PDF, 138 kB) til kommunen.

 

Gjeldande reguleringsplan eller kommunedelplan definerer rammene for bygningar i eit område. Nyare reguleringsplanar er tilgjengeleg her. Kontakt servicetorget for opplysningar om kva arealplan som gjeld. Situasjonskart kan hentast frå vår kartportal, eller ved å kontakte servicetorget.

Hovudside (1)