Bustad - oppføring av ny bustad

Oppføring av ny bustad er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1. Slik søknad skal vere utarbeidd av føretak med tilstrekkeleg kompetanse. Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført. Alle handverkarane (firma) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde. Tiltaket kan ikkje kan setjast i gang før du har fått byggeløyve. Du må betale gebyr for sakshandsaminga. Sjå oversikt overkva som må byggemeldast (PDF, 130 kB)

Følgjande fagfelt skal dekkjast

Ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande for dei ulike faga.
 

Sjølvbyggjar

Det er mogleg å søkje om å få vere sjølvbyggjar dersom du kan dokumentere tilstrekkjeleg kunnskap.
 

Finn reguleringplan

Finn gjeldande reguleringsplan. Gjeldande reguleringsplan definerer rammene for bygningar i eit område.
 

Bruk ByggSøk

Norddal kommune tek imot søknader gjennom ByggSøk, og oppfordrar deg til å søkje elektronisk.
 

Byggeblankettar

Du finn byggeblankettar for nedlasting på Statens bygningstekniske etat sine sider
 

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar, dvs. plan-, snitt-, og fasadeteikningar samt situasjonsplan (kartutsnitt) som viser arealbruken på tomta.

Plan- og bygningslova

Byggesaksforskrift

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne
Hovudside (2)