Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga.

Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halden før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.

Forskrift om byggesak § 6-1 - førehandskonferanse

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne
Hovudside (2)